Spenncon Hjørungavåg med rekordstor ordre:

Ser lyst på arbeidssituasjonen fram til neste påske

Alta Handelspark blir Spenncon Hjørungavåg sitt største underentreprenørprosjekt nokosinne – til ein ordreverdi på heile 68 millionar kroner. Totalt 2.500 betongelement av ulike storleikar skal fraktast med båt til Alta.

Tunge løft: Her er operatørane Hairudin Serifovic (t.v.) og Hans Michael Aasen i gang med å flytte element ved anlegget til Spenncon Hjørungavåg. Framover skal det produserast 2.500 betongelement i ulike storleikar her - til Alta Handelspark - verksemda sitt største underentreprenørprosjekt nokosinne.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL/ Vikebladet Vestposten

Nyheter

Vikebladet Vestposten møtte nyleg regionsjefen for Spenncon Nordvest, Hans Jostein Røyset, på anlegget til Spenncon Hjørungavåg.