Bruker tunnel på Nordøyvegen til test av nytt produkt

Møre og Romsdal fylkeskommune stiller ein av tunnelane på Nordøyvegen til disposisjon for å prøve ut eit nyskapande kvelv for vatn- og frostsikring.

Nogvafjordtunnelen: Her ser vi tettingsarbeid i Nogvafjordtunnelen på Longva-sida. Her var det sommaren 2020 problem med dårleg fjell og grunnvatn i tunneldrivinga på Longva-sida.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyheter

Det skriv fylkeskommunen på sine nettsider onsdag. Selskapet Foamrox skal teste eit alternativ til såkalla PE-skum som tradisjonelt er blitt brukt til å sikre tunnelar. Hensikta med å montere kvelv i tunnelar, er å hindre at vatn drypp, sikre at istappar ikkje fell ned i vegbanen og med desse tiltaka sørge for ein tørr og lys tunnel.