Fylkeskommunen tek klagane til følgje:

Bruarbeid berre sein kveld og natt

Fylkeskommunen endrar planane for utbetringa av Tjørsundbrua etter tilbakemeldingar frå innbyggarane på Tørla og Humla. Oppstarten blir flytta til søndag 3. oktober og det blir arbeidd frå klokka 21.00-06.00 med opning for biltrafikk klokka 22.30 og 00.00.

Tjørsundbrua: Møre og Romsdal fylkeskommune skal i haust utbetre Tjørsundbrua. (Arkivbilde) 

Nyheter

Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding torsdag ettermiddag.