Sterke reaksjonar på ny E39 på sjøfylling

– Kor i all verda har dei fått den ideen frå? spør tidlegare Ålesund-ordførar Arve Tonning.

Motorveg ute i vika: Statens vegvesen vurderer ny E39 ute i Skodjevika. Frå venstre: Rikke Bruteig, Arve Tonning, Oddbjørn Vatne, Synnøve Bruteig, Lars Flåte og Ole Morten Sorthe.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Ålesund sin tidlegare ordførar Arve Tonning er oppgitt over forslaget om å legge ny E39 på sjøfylling i Skodjevika. Tonning er blant dei som har hytte ved sjøen her. For alle hytteeigarane her vil ein motorveg ute i sjøen sjølvsagt ikkje vere populært.