Elevar sank ned i gjørme: Klarte ikkje komme seg opp på eiga hand

Tre elevar ved Måløy vidaregåande skule sank ned i gjørme mens dei skulle studere plantar og dyr ved fyllinga på Tennebø i Kinn kommune. Kommunen seier det skal komme opp eit skilt som viser at dette er eit område ein ikkje bør ferdast i.

Tre elevar kom seg ikkje opp av gjørma dei sank ned i ved fyllinga på Tennebø utan å få hjelp av vennar i klassa.   Foto: Kjellrun Åsebø / Fjordenes Tidende

Nyheter

(Fjordenes Tidende): Elevane i to klasser var ved fyllinga som ein del av undervisinga siste dagen i oktober, då tre av dei plutseleg sank ned i det som såg ut som tørt gras og jord. Ingen av elevane, og heller ikkje dei to lærarane som var med, tenkte tanken at underlaget ikkje var eigna å gå på.