Bjørn Tomren til finalen i Stjernekamp

Bjørn Tomren (t.h.) er klar for finalen i Stjernekamp. Der møter han Alexandra Rotan.  Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

Nyheter

Tre deltakarar skulle bli til to i Stjernekamp laurdag kveld, og semifinalistane konkurrerte i sjangrane storband og musikal. Kringkastingsorkesteret (KORK) stod for musikken.

Bjørn Tomren frå Tomrefjord vart stemt fram til finalen.

Tomren framførte først Frank Sinatra-klassikaren «You Make Me Feel So Young», til stor begeistring frå dommarane.

Dommarane heldt ikkje tilbake med dei positive tilbakemeldingane. Musikar Odd René Andersen karakteriserte framføringa som kul, avslappa og presis.

– Det er så tøft og deilig å sjå nokon som trivast så godt på scena med eit så stort orkester. Det er berre å gratulere.

Mona Belle Riise, som er fast i dommarpanelet, sa at Tomren alltid overraskar ho.


NÅ STÅR DET OM FINALEPLASS I STJERNEKAMP:

Knut Marius hyller sambygdingen Bjørn: – Hadde ikke stått her uten ham

Lørdag kan du oppleve både Knut Marius Djupvik og Bjørn Tomren fra den lille bygda Tomrefjord på scena i Stjernekamp. Mens Knut Marius vant hele konkurransen i 2020, står en finaleplass på spill for Bjørn.


– Mange av storband-vokalistane eg høyrer tykkjer eg av og til blir for smør-aktiv, at det blir for mykje. Men du held tilbake. Du er ein meister på å halde det nedpå. Det er rytmikken, å halde tonane. Eg synest dette var veldig bra. Du burde synge med KORK mykje oftare.

Dommarane vart også rørt då Tomren framførte sin andre song for kvelden, «Moon River» frå filmen Breakfast at Tiffany's» (1961).

– No blei eg veldig rørt. Det er noko med det å berre vere, og ikkje gjere seg til så mykje. Eg synets det var utruleg fint, og det er altså ein slik kraftanstrengelse, trur eg, å klare å ha det så nedstrippa og gjere det så nært, som gjer at dette treff meg slik. Igjen fekk vi ei stor musikalsk oppleving, uttalte Riise etter framføringa.

Gjestedommar Henriette Steensrup sa fleire gongar at «alt ligg i stemma» til Tomren.

– Du treng ikkje om å gjere noko anna enn å synge Moon River. Du er rett og slett ei gåve, og eg ynskjer stemma di til jul.

Tomren møter Alexandra Rotan, mellom anna kjent frå gruppa KEiiNO, i finalen 30. oktober. Carina Dahl vart stemt ut frå Stjernekamp laurdag kveld.


«Stjernekamp»-deltager hylles av amerikansk rapper for sin tolkning

Nesten 800.000 så Bjørn Tomren og de andre «Stjernekamp»-deltagerne prøve seg på hiphop og Eurovision-låter. Nå hylles Tomren for sin raptolkning – av den amerikanske rapperen bak låten.