Møre og Romsdal journalistlag:

Delte ut fleire prisar til Sunnmørsposten

Sunnmørsposten sine journalistar og fotografar er blitt tildelt heider og ære.

Vann fotoprisen: Burningspora i Sykkylven er henta frå fylkesveg 60 ved Tandstad.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Reportasjeserien om strafferabatt i urovekkande mange straffesaker vart vinnaren i nyheitskategorien, eit 20-tals lengre og kortare artiklar om temaet sjølvmord utgjorde bidraget som fekk prisen for årets feature – medan eit bilde som illustrerer trafikkfarleg leik fekk fotoprisen. Det er Møre og Romsdal journalistlag som opplyser dette i ei pressemelding fredag kveld.