Askjell Molvær i Langevåg fortel at han i helga var oppe og tok på snøflekken. Molvær seier det er minst like mykje is som det er snø, men han er ikkje i tvil om at det er rett å kalle det snø.

– Med det blotte auget er snøen synleg heime frå stova, seier sulalendingen Askjell Molvær.

Dermed protesterar han på meldinga frå sulasnø-ekspert Jan Arild Hagen. Sidan 1960 har Hagen observert Sula-snøen heime frå stua si i Borgundvegen i Ålesund. 8. november kunne han notere at snøen i år er vekke.

Les også: – Snøen er vekke på Sulafjellet

– I staden for å seie at snøen er vekke, kunne ein kanskje seie at snøen på Sula ikkje kan sjåast frå Ålesund, seier Molvær i Langevåg.

Reaksjonar også frå Ålesund

Men også frå Ålesund har det kome reaksjonar.

– Min gode ven Jan Arild tar feil om snøen på Sula. I dag 9. november tok eg dette bildet – så snøen er ikkje borte, enda, seier Einar Welle i Bergvegen. Heimafrå meiner han å kunne sjå snøflekken også med det blotte auget.

Uvanleg seint

Snøen ligg, som før om åra, under toppen av Grøthornet - i rundt 500 meters høgde, tippar Molvær.

Det er uansett svært uvanleg at snøen ligg til november. I 2000 noterte Hagen 30. november. I 1983 forsvann den i slutten av oktober. I fjor noterte han 10. juli, medan den for 40 år sidan forsvann 9. juli.

Gjer som 23.500 andre, følg smp.no på facebook

– Kor stor er denne snøflekken no?

– På grovt augemål er vel den eine flekken 5 x 4 meter og den andre 3 x 2 meter, seier Askjell Molvær.

25. oktober kom det også nysnø på Sulafjellet. Dermed er Molvær usikker på om snøen rekk å forsvinne i år før det blir vinter igjen.