Årsaka er nedvask, vedlikehaldsarbeid og planlegging av komande sesong.

– Vanlegvis er januar ein veldig roleg besøksmånad ved museet, og difor vel vi å stenge for å få unna ein del førefallande arbeid. Det er særleg dei faste utstillingane i hovudbygget som treng vask. Når det blir varmare i vêret utover våren står nedvask i dei gamle bygningane for tur, fortel seksjonsleiar ved Sunnmøre Museum, Siw Solvang.

Støvtørk

«Spor», som fortel om sunnmøringen sitt arbeid med å skaffe seg mat, klede og ly for vêret heilt tilbake til steinalderen og fram til vikingtida, er ei av utstillingane det skal tørkast støv av.

Det same er utstillinga «Bønder i byen» som mellom anna viser ein typisk 1950- talshybel. Søndag 31. januar blir første opningsdag i det komande museumsåret.

– Då blir publikum invitert til søndagsføredrag, og frå då av er det full drift ved museet, seier Solvang som legg til at om nokon vil besøke museet før den tid, er det berre å ta kontakt.

Gjør som flere enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ny utstilling

Noko anna dei museumstilsette brukar tid på i januar er å jobbe med den nye utstillinga «Byen i havlandet», som er under arbeid i Middelaldermuseet i Borgundkaupangen.

– Denne utstillinga opnar laurdag 4. juni. Det skjer i samband med mellomalderfestivalen som vi skal arrangere til sommaren, fortel Siw Solvang.

Les flere nyheter fra Ålesund og omland her