Leiaren i Haram Høgre:

Einig i at Haram-folket skal høyrast

Lokallagsleiar i Haram Høgre og tidlegare ordførar Bjørn Sandnes er einig med Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) i at innbyggjarane i kommunen bør høyrast før ei ny kommunestyrebehandling om kommunestrukturen.

NY HØYRING Bjørn Sandnes (H) meiner ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) gjer rett i å foreslå at folket må høyrast på nytt i spørsmålet om kommunestruktur. Men han er ikkje heilt einig i at folkerøysting er rette metoden.   Foto: Arkivfoto: Helge Gloppen

Eg vil heller ha ei innbyggjarundersøking der folk blir bedt om å svare på åtte–ti spørsmål

Bjørn Sandnes
Ålesund og omland

– Men eg vil heller ha ei innbyggjarundersøking, der folk blir bedt om å svare på åtte–ti spørsmål enn ei folkerøysting, som lett kan bli kjenslebasert, seier Sandnes til Sunnmørsposten.