Får ikkje sende brev til foreldre – må finne nye måtar å reklamere:

Fryktar færre døyper ungane

Kyrkja har sendt brev til nybakte foreldre om dåp. Det får dei ikkje lov til med den nye personvernlova.

Dåp: Sokneprest i Borgund, Kari Vatne, er redd den nye personvernlova fører til færre døyper ungane. No vil ho finne nye måtar å nå ut til foreldre på.  Foto: Eskild Flydal

Ålesund og omland

1. oktober tredde den nye personvernlova i kraft. Av omsyn til personvern, får ikkje lenger trus- og livssynssamfunn melding når medlemane deira får barn. Det har kyrkja brukt til å sende ut informasjon om dåp.