Fylkesrådmannen vil setje foten ned for ny flybuss til Vigra:

Nei til flybusskonkurranse

Fylkesrådmannen vil ikkje gje løyve til ei konkurrerande flybussrute til Vigra, men vil heller ha ruta på anbod frå og med 2021.

Får nei: Arild Røder i Ålesund Turvogn Service AS vil starte konkurrerande flybuss til Vigra. Det seier fylkesrådmannen nei til. Politikarane avgjer på onsdag.  Foto: Marius Simensen

Ålesund og omland

Arild Røder driv Ålesund Turvogn Service AS og vil starte ei konkurrerande flybussrute, i tillegg til den fylkeskommunale ruta som går no. Det seier fylkesrådmannen nei til. No er det opp til samferdsleutvalet, som tek avgjerda i møtet sitt 5. desember.