Politiet avsluttar etterforskinga av rednignsskøyta «Idar Ulstein»

– Ingenting som tyder på at båten vart ført i strid med lov og forskrift

Mandag avslutta politiet etterforskinga av ulukka til redningsskøyta «Idar Ulstein» som gjekk på grunn for snart to veker sidan.

På land: Redningsskøyta gjekk på land og traff eit naust på Grytastranda i Haram kommune i.  Foto: Kristoffer Antonsen/Nordre / NTB scanpix.

Ålesund og omland

– Saka er lagt bort på bakgrunn av at kapteinen fekk eit illebefinnande. Det er ingenting som tyder på at han har ført båten i strid med lov og forskrift. Han kan ikkje lastast for at båten gjekk på land, seier politiinspektør Ynge Skovly.

Årsaken til ulykka er klar:

Båtføreren fikk et illebefinnende før «Idar Ulstein» kjørte rett på land

Redningsskøyta «Idar Ulstein» gikk rett på land på Grytastranda i Haram torsdag. Etter det Sunnmørsposten erfarer skal føreren av båten ha fått et illebefinnende.


Redningsskøyta «Idar Ulstein» gjekk på land i Grytastranda i Haram kommune torsdag for snart to veker sidan.


Redningsskøyte gikk på grunn i høy fart - traff naust

Alle nødetater rykket ut til båtulykke i Haram.


Utan bevis, har politiet ingenting å gå vidare med. Dei kan til dømes ikkje etterforske nærare at båten heldt så høg fart som han gjorde, om lag 30 knop inn mot land.

– Me finn ikkje ut av årsaken til at båten hadde den høge farta. Er du medvitslaus, så er du medvitslaus. Då kjem all tvil kapteinen til gode. Forklaringa hans er også styrka forklaringane frå dei andre om bord, seier Skovly.


Øyenvitne så hvordan redningsskøyta forulykket:

– Den traff land i høg fart og spratt sidevegs inn i naustet

Lars Holmeset vasket bilen utenfor huset da han ble oppmerksom på redningsskøyta «Idar Ulstein» ute på fjorden.


– Me tek til etteretning det politiet seier, og held fram arbeidet med å undersøkje skadeomfang i samarbeid med DNV og å ta vare på mannskapet, seier kommunikasjonssjef i Redningsselskapet, Frode Pedersen.

Han fortel at beredskapen i området vert bevart av andre skøyter i nærleiken.

– Det er fint at politiet har kome til ein konklusjon. Det er viktig for oss at det vert gjort eksterne og uhilda gjennomgangar, seier Pedersen.