50–70 mm nedbør dei neste tolv timane

Meteorologisk institutt melder om mykje regn nyttårsaftan. Første nyttårsdag vert det vind opp mot 35 meter i sekundet.

Regnfullt: Det er meldt mykje regn nyttårsaftan, som går over til bygevêr og sterk vind på første nyttårsdag, melder Meteorologisk institutt.  Foto: Staale Wattø

Ålesund og omland

– Det er meldt mykje vêr hjå dykk, seier Aslaug Skålevik Valved.

Ho er meteorolog hjå Meteorolgisk insitutt og varslar om mykje regn nyttårsaftan som rundt midnatt går over til bygevêr og og sterk vind. Vinden slepper ikkje taket før natt til onsdag.

– Det er ein front som skal gjennom. Det er meldt 50–70 millimeter nedbør dei neste 12 timane. I Møre og Romsdal vert vinden det største problemet tysdag, seier ho.

Kan bli full storm

Det er sørvestleg kuling måndag, men det dreier like etter midnatt. Då kjem vinden frå vest, framleis med stiv kuling.

– Tidleg tysdag morgon aukar alvoret. Vinden vil dreie nord-nordvest og då trekkjer han inn i fylket, så dette vil mange merke, seier meteorologen.

Ho melder om liten til full storm som byrjar på morgonen og vindstyrkar som kan kome opp i 35 m/s.

– Vinden kjem til å vere kraftig til lang ut på ettermiddagen, før det seint roar seg til sterk kuling og liten kuling. Dette er noko folk må ta omsyn til og vere obs på.


Fellesfyrverkeri på nyttårsaften:

Dårlig vær truer fellesfyrverkeri

Fellesfyrverkeriet i Ålesund og Giske henger i en tynn tråd, men ellers ser det ut til at de fleste avviklingene av fellesfyrverkeri skal gå som planlagt.


Snøgrensa ligg no på 600–800 meter her i fylket, men er venta å søkkje til 300–500 meter i morgon. Då er det moglegheiter for snøbyger i låglandet.


Meteorologer advarer mot fyrverkeri i vindutsatte områder

Det er meldt kraftige vindkast på nyttårsaften flere steder i Sør-Norge. Vind og fyrverkeri er en dårlig kombinasjon, sier meteorologene.


Roleg på fjellet

– Det er ikkje så mykje vind på fjellet no, men frå måndag ettermiddag er det meldt sterk vind i fjella i heile Sør-Norge. Det gjev vanskelege køyretilhøve, seier trafikkoperatør Jeanette Andersen i Statens vegvesen.

Vegvesenet har ingen førehandsmeldingar som tyder på at det vert innstilte ferjer som følgje av nyttårsvêret.

– Vi må sjå det an, men det er mogleg fjellovergangar vert stengt på kort varsel eller innført kolonnekøyring, om vi ser at det vert farlege køyretilhøve, seier Andersen.

På Vegvesenet sin portal 175.no kan ein sjå dei oppdaterte vegtilhøva sjølv på webkamera.

Bjorli: Slik såg det ut ved Brustuglia på Bjorli måndag føremiddag.  Foto: Statens vegvesen