Fyll, fyrverkeri og slåsting:

Dette hende i natt

Politiet måtte handtere slåsting, fyrverkeri i tunnel og generelt bråk og fyll natt til 1. nyttårsdag.

  Foto: Illustrasjon: Staale Wattø

Ålesund og omland

I Fosnavåg vart ein mann pågripen på grunn av handgemeng. Dei to som slåst hadde vore på same fest, og det var såpass grov vald at politiet tok han med til Ålesund. Mannen vert avhøyrt tysdag. Det vart ikkje alvorlege skadar av slåstinga.

Eit køyretøy vart observert fleire stader både i Ørsta og i Volda, og hadde mellom anna skote opp fyrverkeri inne i ein tunnel og på området til Shell-stasjonen i Ørsta. Politiet fann etterkvart bilen og har meldt personane for uvettig bruk av fyrverkeri.

Brannskadd av fyrverkeri

På rutebilstasjonen i Ålesund hadde ein samling personar fyrt opp fyrverkeri. Ei jente på 16 år skaut opp fyrverkeri og kom ikkje langt nok unna før det small. Ho fekk øydelagt dunjakke og brannsår i nakken.

Rundt klokka eitt kom politiet til eit privat arrangement på Skodje, der ein mann hadde vorte kasta ut på grunn av slåsting. Ingen vart skadd. Men mannen prøvde å kome seg innatt, stod utanfor og var bråkete. Politiet kom til staden og sende han heim. Dei vart også verande litt for å passe på at han ikkje kom tilbake.

I Ulsteinvik har ein mann sparka i ein bil og påført han skadar. Ein politipatrulje trefte på ein mann og avhøyrte ein mistenkt.

Godt rusa i handgemeng

Halv to stoppa politiet ein bråkete fest i Ålesund sentrum. Dei bad alle gjestane forlate lokalet og sa ifrå til mannen som arrangerte festen at dei ville melde han om festen starta oppatt.

I firetida i ei anna leilegheit i sentrum, kom to godt rusa personar i handgemeng som utvikla seg til verbal krangling. Det var noko vald, men ingen alvorlege skadar.

– Dei trong bistand frå politiet for å få løyst konflikten. Det vart oppretta sak, men det var vanskeleg å få oversikt over situasjonen på grunn av rusgraden, seier operasjonsleiar Erik Mikalsen i politiet.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Ålesund og omland