(Møre-Nytt:) Leiinga i kommunen, folk frå teknisk etat og ein geolog har første nyttårsdag vurdert situasjonen i Årsetdalen på Vartdal, der fem hustandar vart evakuerte på grunn av rasfare i går.
Flaum og rasfare:
Fem husstandar evakuerte på grunn av rasfare
Fem husstandar i Årsetdalen vert evakuerte nyttårsaftan på grunn av rasfare.
– Vurderinga er at den akutte rasfaren er over. Men det vert arbeidd med å tøme eit massebasseng. Dette arbeidet vert nok ikkje ferdig i dag, så dermed får ikkje fire av dei fem hustandane flytte heim før i morgon, seier vakthavande Dag Jarle Aa i teknisk etat i Ørsta kommune.
Det er mindre nedbør og kaldare i dag enn i går.
– Situasjonen har stabilisert seg, seier Dag Jarle Aa.
Saka vart først publisert i Møre-Nytt.