Det er Norsk Bane og Jørg Westermann som skal leie planlegginga. Oppdragsgjevar er Daaekvartalet kompetanse i Spjelkavik. Holm-stiftinga er med på finansieringa.

Bakgrunnen for initiativet er irritasjon i næringslivet over at ei bybane ikkje er tema i det offentlege bypakke-prosjektet i Ålesund. Der har dei låst seg til breiare bilvegar.

Meininga med å planlegge bybane er både å vise korleis ei bane kan byggjast teknisk, og få fram opplysningar om det økonomiske grunnlaget for eit slikt prosjekt.

– Vi må gå ope ut i planlegginga. Det er trongt om plassen i Ålesund og vi må sjå på fleire måtar å få til ei bane mellom Moa og Ålesund sentrum, seier Jørg Westermann i Norsk Bane.

Men han meiner det er feil å berre sjå på denne strekninga. I Bergen planla og bygde dei bane først frå sentrum og fram til Nesttun, og det viste seg tungvint å halde fram til Flesland. Bybanen i Bergen har vorte ein suksess og diskusjonen dreier seg om korleis dei skal få til forlenging.

Til naboar

Jørg Westermann vil samtidig leggje fram planar for bane over Aspøya til Hessa, og å byggje bane frå Spjelkavik både til Langevåg og Skodje.

Meininga er å kunne leggje fram konkrete bybaneplanar hausten 2015. I årevis har det vore snakka og skrive om bybane i Ålesund, men aldri før har det vore lagt pengar på bordet til konkret planlegging.

Norsk Bane og Jørg Westermann har i mange år planlagt nye jernbaner både i Norge og i utlandet. For tida held han på med eit prosjekt i Sverige. I haust la dei fram planar for eit jernbaneprosjekt i Telemark som er kalla Telemarkslinken.

300 km/t

Med pengar frå Telemark fylkeskommune planla Norsk Bane jernbane frå området mellom Notodden og Bø, og vidare ned til Skien og Porsgrunn. Derfrå har dei planlagt ei linje austover mot Larvik og Sandefjord og ei anna vestover mot Risør med ynske om å gå vidare til Arendal og Kristiansand. Alt det arbeidet kosta 500.000 kroner.

Dette nettet vil dei knyte saman med den planlagde jernbana over Haukeli. Felles for planane hans så langt er ekspresstog som køyrer opp til 300 kilometer i timen.

Ei bybane må køyre sakte gjennom bygatene, men kan raske på i ubygde område.

<strong>Utrøytteleg:</strong> Jørg Westermann er ein utrøytteleg planleggjar av effektive jernbaner. På nyåret set han har i gang planlegging av bybane i Ålesund.