Striden står om 165 mål med dyrka mark på Roald. På den eine sida står 150 medlemmer i ein aktiv golfklubb, som har funne drøymeområdet for ei ny bane. På den andre sida står jordbruksinteresser, mellom andre leiar i Giske bondelag Fredrik Godø.

– Denne sandjorda er mellom den finaste som finst i heile fylket. Her kan ein hauste gras nærast uansett ver. Det er klart det er lett å lage golfbane her, men det vil få store konsekvensar for fleire bønder i kommunen, seier Godø.

Trekte søknaden

Ein søknad om dispensasjon til å byggje golfbane i området vart sendt kommunen denne måneden, men trekt før han rakk å bli handsama. Det var eit møte med plannemnda som fekk klubben til å gjere det, fortel leiar Egil Valderhaug i golfklubben.

– Av erfaring frå tidlegare saker vart vi anbefalt å få lagt dette som ei omdisponering i kommuneplanen. Den skal ikkje handsamast før i 2015, difor kjem det no til å ta litt tid, seier han.

Provosert

Jorda, som ligg nordvest for Vigra skule, vert i dag nytta til grasproduksjon. Grunneigarane driv ikkje sjølve, men leiger ut jorda til lokale bønder.

I den trekte søknaden argumenterer golfklubben med at det er enkelt å tilbakeføre jorda til landbruk, og at det er langt færre gardsbruk i drift enn for 10 år sidan. Dei trur ikkje det er mangel på landbruksareal i kommunen. I tillegg vil det verte frigjort jord på den noverande golfbana på Gjøsundneset.

– Den er regulert til industri, og kan ikkje utan vidare brukast til gras. Og det at dei argumenterer med færre gardbrukarar, provoserer meg. Det har vore eit mål frå styresmaktene å få større og meir effektive einingar, seier Godø.

Langt fram

Valderhaug skjønar at bøndene vil bli høyrt, og ser difor fram til ein ryddig prosess med høyringar.

– Får vi nei, så får vi nei. Men vi trur dette er eit godt alternativ. No ligg ei eventuell bane uansett langt fram i tid, seier Valderhaug.

Les flere nyheter fra Ålesund og omland på smp.no

<strong>165 mål:</strong> Illustrasjonen syner kvar golfklubben ønskjer å lage ny bane, nordvest for Vigra skule. Illustrasjon: Giske golfklubb