Prosjektgruppa for Stad skipstunnel er svært nøgd med føringane i statsbudsjettet for 2015.

Regjeringa har øyremerkt 20 millionar kroner i planleggingsmidlar til Kystverket, og Stad skipstunnel er særleg nemnd.

Reguleringsplan

Det som kan ta tid er reguleringsplanen for tunnelen.

– Det er fint at dei nemner dette spesielt. For dette er det som vil ta lengst tid, i verste fall to år.

– No er det tilstrekkeleg med planleggingsmidlar inne, slik at Kystverket får gjere jobben sin i 2015 med reguleringsplanar og forprosjekt, seier Nygård.

Dermed meiner han planarbeidet vil vere i rute til rulleringa av Nasjonal transportplan i 2017.

Prioritert

– Og så vil eg gjerne legge til at vi har veldig god dialog med statssekretær og politisk leiing elles, så dette ser bra ut, prosjektet har ei god utvikling, understrekar prosjektleiaren, og nemner særleg ein tunnelkonferanse i november, der statssekretær Jon Georg Dale (Frp) skal delta.

– Dale har sjølv valt tittelen «Prioritert prosjekt, auka framdrift», fortel Nygård.

I Nasjonal transportplan (2014-2023) som vart vedteken i Stortinget 18. juni 2013, ligg Stad skipstunnel inne i siste del av planperioden (f.o.m. 2018) med 1 milliard kroner. Men før Stortinget kan ta stilling til oppstart og kostnadsramme, må det utarbeidast eit forprosjekt som deretter skal gjennom ei ekstern kvalitetssikring av styringsgrunnlag og kostnadsoverslag (KS2).

– Vårt mål for prosjektet er å få realisert Stad skipstunnel som eit nasjonalt prosjekt gjennom ei særskilt statleg finansiering i Nasjonal transportplan. Vidare målsetjing er å bli prioritert i første fireårsperiode av NTP (2018-2027), og starte bygginga av Stad skipstunnel i 2018, skriv prosjektansvarleg Ottar Nygård i ei pressemelding.