– Eg er ikkje medlem av Høgre. Men no fortener dei ros, seier ein entusiastisk Egil Berge i Eidsdal Kraft i Norddal kommune.

På grunn av grunnrenteskatten har det lokale kraftverket vore tvinga til å redusere produksjonen sin for å unngå denne skatten.

For fullt

Men no føreslår regjeringa å heve innslagspunktet for grunnrenteskatten frå 5500 kilovoltampere (kVa) til 10.000 kVa. Det betyr at turbinane i Eidsdal igjen kan gå for fullt.

Saman med meldinga tidlegare i veka om at småkraftverk også skal omfattast av dei såkalla grøne sertifikata, meiner Berge dette betyr ein ny vår for næringa:

Frykta konkurs

– Hadde vi ikkje fått endra innslagspunktet for grunnrenteskatten, så hadde det gått mot konkurs. Og ikkje berre for oss. No får vi igjen overskot, noko som også vil vere positivt for kommunen, fylkeskommunen og staten. Berre for Norddal sin del er det nok snakk om ein halv million kroner i skatteinntekter berre frå vårt selskap etter dette, seier Berge.

Ein million

For no kan dei igjen produsere så mykje som dei har lov til ifølgje konsesjonen, og dei får rundt ein million kroner meir i inntekter.

Dermed kan dei fjerne plomberingane på generatorane som gjorde at dei berre produserte 5.499 kVa, ein kVa under innslagspunktet til grunnrenteskatten.Ordninga tek til å verke frå nyttår, og Berge seier dei neste år kan produsere straum til 1200–1300 husstandar, noko som svarar til om lag heile Norddal og Stordal – og litt til.

Besøk

Berge og Eidsdal Kraft hadde i går besøk av stortingsrepresentant Odd Henriksen frå Høgre, som ville vite meir om effekten av skatteendringane.

Henriksen trur ikkje det vil dukke opp kraftverk i kvar ei elv etter dette:

– Der det ligg til rette for det, kan det nok kome nye verk. Men samtidig har vi mange vassdrag som er verna, seier Henriksen. Han meiner det er viktig å utnytte potensialet i dei naturinngrepa som allereie er gjort, ved å tillate større produksjon.

Egil Berge er ein av eigarane av Eidsdal Kraft AS. Foto: Terje Engås
Stortingsrepresentant Odd Henriksen (H).