Ankar hurtigrutedom

Kommunestyret i Stranda har bestemt seg for å anke dommen i Frostating lagmannsrett, der dei tapte eit sak mot Hurtigruten ASA.

Rettsak Dersom Høgsterett seier ja, blir det nok ein runde i retten mellom Stranda Hamnevesen og Hurtigruten ASA. 

Nyheter

Vedtaket om å anke dommen vart fatta bak lukka dører, skriv avisa Sunnmøringen.

Lagmannsretten slo fast at Stranda Hamnevesen har rett til å krevje inn betaling, men at kravet mot Hurtigruten var ugyldig fordi prissetjinga var vilkårleg og urimeleg. Dersom dommen i lagmannsretten vert ståande slepp Hurtigruten å betale eit krav på 1,2 millionar kroner, medan hamnevesenet i staden må betale Hurtigruten sine sakskostnader på 1, 4 millionar kroner.

Både i Sunnmøre tingrett og i Frostating lagmannsrett var det Hurtigruten som fekk medhald, men no ønskjer Stranda kommune å prøve saka i Høgsterett.