Spektakulært utsyn over Loen

Om to år skal turistar få ei ny, spektakulær oppleving i Loen. Pendelbane skal ta turistar frå fjord til høgfjell, der ein også skal kunne nyte utsikta innandørs.
Nyheter

Selskapet som jobbar for å få til ein ny turistattraksjon i Loen, legg vekt på at også arkitekturen skal bli spesiell.

- Dette skal vere spektakulært. Vi skal ikkje byggje noko fjellhytte. Det skal vere eit fyrtårn innan reiselivet, seier Richard Grov, styreleiar i selskapet Sleipnerhoven AS.

Cruisenæringa

Selskapet har no fått utarbeidd førebelse teikningar for korleis anlegget vil bli. Teikningane er utarbeidd av Aaland arkitektkontor og sivilingeniør Eva Eide og blir presentert i sakspapira til kommunestyret i Stryn.

Politikarane tok torsdag stilling til om kommunen skal gå inn med 12,5 millionar kroner som eit ansvarleg lån til prosjektet. Ifølgje avisa Fjordingen gjekk Stryn kommunestyre samrøystes inn for å delta i prosjektet.

– Realiseringa av prosjektet vil innebere eit unikt reiselivsprodukt i Loen, Stryn, fylket og landet, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Det blir også vist til at prosjektet har stort kundepotensial, ikkje minst gjennom cruisenæringa i Olden, Hellesylt og Geiranger.

Det blir elles trekt fram at det er viktig at Stryn held oppe posisjonen som ein av dei aller største reiselivskommunane. Det kan skje gjennom utvikling og nysatsing. I motsett fall vil reiselivsproduktet bli utdatert og forvitre.

Gode sjansar

Ifølgje sakspapira går det fram at prosjektet er venta å koste 199 millionar kroner.

Kommunal medverknad betyr svært mykje for prosjektet, ifølgje Grov.

– Kor mykje kapital har de fått på plass?

– Det vil eg ikkje seie, men vi skal ha 194 millionar kroner, seier Grov som meiner det er gode sjansar for å kome i mål.

Viktig dato

Siste brikkene for finansiering er no i ferd med å kome på plass.

 – Investeringsavgjerda kjem 3. juli. Då blir det bestemt om vi skal byggje ut eller ikkje, seier Grov som har god tru på at første turistane skal kunne ta den 1500 meter lange pendelbana til Hoven i 2017.