Ca. 150 fagpersonar er venta til Åkneskonferansen 2015 i Geiranger 26. og 27. august. Her skal ein både sjå bakover på kva som er gjort av tryggingstiltak og sjå framover. Og det er her drenering blir eit av fleire tema.

– Ei flodbølge vil gå hardt utover Tafjord Kraft. Samtidig er bygging av tunnelar som leier vatn det vi lever av og noko vi kan, seier Stig Falling, konserndirektør i Tafjord Kraftproduksjon. Han håper at staten kan gå inn og finansiere eit forstudie.

– Vatnet påverkar aktiviteten inne i det lause fjellet. Slik eg ser det er drenering det einaste tiltaket som kan føre til ei endring som kan redusere skadeomfanget, seier Stig Falling.

Katastrofefilm utandørs

Frank Sve, styreleiar i Åknes Tafjord Beredskap, er lite glad for framsyninga av katastrofefilmen «Bølgen» ute i Geiranger til hausten, og all omtalen filmen får. Og han tenkjer mest på at filmen kan verke skremande på born og unge, og eldre, i kommunen.

–  Eg aksepterer at filmen er blitt laga, men eg er ikkje glad for det, seier Sve.

Katastrofefilmen «Bølgen» får førpremiere utandørs i Geiranger om kvelden 26. august.

– Det blir ein spektakulær og storslått utevisning på same stad som handlinga i filmen, seier Martine Borring i Nordisk Film Distribusjon AS.

«Bølgen» handlar om at Åkerneset i Storfjorden ramlar ut og lagar ei diger flodbølge.

Både produsent, regissør og skodespelarar vil vere til stades i Geiranger ved framsyninga.

– Teamet bak gler seg til å ta med filmen tilbake og håper at statistar har moglegheit til å ta turen til Geiranger denne dagen, legg Borring til.

«Bølgen» er første katastrofefilmen som er laga i Skandinavia. Den er produsert av Fantefilm Fiksjon. I hovudrollene finn vi Kristoffer Joner og Ane Dahl Torp, Jonas Oftebro og Edith Haagenrud-Sande.

<strong>«BØLGEN»:</strong> Det har kosta over 50 millionar kroner å lage katastrofefilmen «Bølgen». FOTO: FANTEFILM FIKSJON