I staden for permitteringar, har dei 60 landtilsette i Island Offshore sagt ja til reduksjon i arbeidstid og løn.

- Kravet var at alle skulle seie ja for at vi skulle innføre ordninga. Alle 60 sa ja på eit allmøte fredag, seier adm. dir. Håvard Ulstein i Island Offshore til nett.no

Han rosar dei tilsette.

- Vi har eit fantastisk miljø på kontoret, og her er alle kollektivt innstilte på å bidra for å kome oss over den kneika vi er inne i.  Alternativet hadde vore permitteringar, og deretter mulege oppseiingar. Det er den løysinga mange andre har valt.

LES MER: Gode tider kommer tilbake

Opplag

Endringane gjeld frå 1. august, og varer så lenge marknadssituasjonen tilseier det. Island Offshore har tre båtar i opplag. I tillegg er nybyggingsoppdrag utsette.

- På grunn av dette har vi no for mange tilsette på land.S amstundes er vi sikre på at marknaden kjem tilbake, og at vi vil trenge alle desse 60 tilsette. Derfor er vi svært glade for den løysinga som er valt, seier Ulstein til nett.no

LES MER: Kleven bygger trålere