Stranda sitt krav om passasjeravgift i Geiranger er kjent ugyldig av Høgsterett.

– Det er sterkt beklageleg at ein hamnebrukar må bruke så mykje tid og ressursar på å overvinne eit ugrunna krav, seier Hurtigruten sin konsernsjef Daniel Skjeldam i ei pressemelding.

Hamnevesenet meinte at Hurtigruten skal ut med 15 kroner per passasjer i Geiranger, anten dei går i land eller ikkje.

– Medan alle passasjerane om bord i utanlandske cruiseskip har anledning til å gå i land ved anløp i Geiranger, har dei hurtigrutepassasjerane som skal reise vidare ikkje anledning til å gå i land. Etter mi meining representerer det klart usakleg forskjellsbehandling å likestille hurtigrutepassasjerane med cruisepassasjerane når desse passasjerane si anledning til å bruke kaianlegget er så vesentleg forskjellig, skriv høgsterettsdommar Jens Edvin A. Skoghøy i domsslutninga.

To mot tre

Vedtaket i landets høgste domstol vart gjort med minst muleg margin.

– Dette indikerer at det har vore ei vanskeleg sak for Høgsterett å ta stilling til, seier advokaten til Sunnmørsposten.

Vilkårleg

Hurtigruten ber no om at samferdselsministeren kjem på bana og ryddar opp.

– Til sjuande og sist handlar dette om at hamnene er ein viktig del av den nasjonale infrastrukturen. Forvaltninga kan ikkje overlatast til enkeltpersonar i rolla som hamnedirektørar. Heile kysten, og Norge som sjøfartsnasjon, treng eit ryddig og føreseieleg system som likebehandlar aktørane, seier Hurtigruten sin konsernsjef.

Ein gjennomgang som KPMG har gjort for Hurtigruten viser store skilnader i korleis hamnene praktiserer utrekninga av anløpsavgifta.

– Dette illustrerer til fulle kor varierande lovverket blir tolka av lokale hamner, og kor tilfeldige og urimelege utslag det kan gi. No må samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen rydde opp i hamnerotet, slik at skipsfarten kan få føreseielege og likeverdige rammevilkår, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i ei pressemelding.