Generalsekretær Jarle Tvinnereim i DFS torer ikkje forskotere utfallet av saka om kaliberval på Skyttartinget komande laurdag. I sakspapira kan ein lese at han som sakshandsamar har frårådd opning for kaliber 223 som det heiter i sivil jaktsamanheng, cal 5.56 militært og i skyttarsamanheng.

– Eg har ikkje lyst å seie noko meiningsberande om denne saka no rett i forkant av tinget. No blir det opp til delegata å ta stilling, seier Tvinnereim til Sunnmørsposten.

Han stadfestar at i tillegg til 48 skyttarsamlag med ei stemme kvar, har styret på åtte kvar si røyst. Simpelt fleirtal avgjer saka.