–­ Det er ubeskrivelig. Ein kan drøyme om å få ein sånn dag, men at det skulle gå i oppfyllelse er heilt fantastisk, seier primus motor, Bente Åmbakk.

På laurdag kunne ho nyte utsikta, sola, ein kopp kaffi og bøttevis med skryt, etter å ha nådd toppen på opningsdagen.

Frå steinur til trappetrinn

Like før klokka 12, vart den nyrydda Saksaråsa offisielt opna, og eit turfølgje på hundrevis av fjellglade sunnmøringar la i veg den tre kilometer, bratte turen frå Urke.

I midten av mai starta arbeidet med å ordne til den nye råsa til Saksa. I tre veker har sherpaar jobba lange dagar for å forvandle steinurer til solide trappetrinn. Fire månadar seinare har den litt utilgjengelige toppen, særleg på grunn av dei mange urene, blitt eit fjell for heile familien.

Alternativ til Slogen

– Fantastisk, seier Reidunn Tvergrov Øye som saman med sine to born, Tuva (9) og Tord, utan problem kom seg på toppen av Saksa på laurdag.

Øye meiner Saksa no har blitt eit meir familievenleg alternativ til storebror Slogen. Det er Åmbakk einig i:

– Vi har no fått ein tur som passar ypperleg for tilreisande, som ynskjer eit litt rolegare alternativ enn til dømes Slogen, men vil ha same spektakulære utteljing.