Dag Olav Tennfjord er ny ordførar i Skodje. Høgre-mannen tek over for Terje Vadseth (FrP) som no blir leiar av planutvalet i kommunen.

Varaordførar vert Aina Gundersen Strand frå Arbeiderpartiet.

– Vi forhandla først med Venstre, som vi hadde eit samarbeid med i førre periode, men vi nådde ikkje fram. Deretter med Arbeiderpartiet. No har vi kome fram til ein valteknisk samarbeidsavtale oss i mellom, seier Tennfjord.

Den nye ordføraren ønskjer ikkje å kome med politiske utspel på vegne av det valtekniske samarbeidet.

– Vi skal søke samarbeid på grunnlag av plattforma. Vi er glade for at dei tre største partia deltek. Eg trur vi har fått til ei fornying av viktige posisjoner. Vi føler også at samansetninga er representativ for veljarane i kommunen, seier Tennfjord.

I lag har Høgre (fem), Arbeiderpartiet (fire) og Framstegspartiet (fire) 13 av av 21 mandater.