Sjukehuset på Nordfjordeid ønskte å vise fram eit velfungerande lokalsjukehus som tilbyr tenester som mange treng, då dei arrangerte open dag onsdag.

- Alle tilboda er no oppe og går, og vi har stabil drift. Vi har tett samarbeid med spesialistar i Førde i forhold til å sjå kva pasientar vi skal ta her eller i Førde, seier Tone Holvik, stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus.

Fleire enn før

Holvik fortel at folk som ikkje har vore på sjukehuset, men berre har fått med seg historia om nedbygging av fødeavdeling og kirurgi, lurer på om det er noko igjen av sjukehuset. Og det kan Holvik forsikre at det er:

- Vi har ei mengde pasientar her i dag, og behandlar langt fleire enn før, slår ho fast.

Det er også om lag like mange tilsette som tidlegare, men fleire av dei jobbar med andre ting enn før. Til saman har Helse Førde vel 160 årsverk på Nordfjordeid.

- Det var frykt for at talet på årsverk skulle gå ned, men det har ikkje skjedd, seier Holvik.

Er nasjonalt pilotprosjekt

Nordfjordingane gjekk i fakkeltog for å bevare fødeavdeling og kirurgi, utan at det førte fram. Men i staden blei sjukehuset plukka ut av regjeringa til å bli eit nasjonalt pilotprosjekt for korleis eit lokalsjukehus skal fungere i framtida.

Under open dag viste sjukehuset også ein film som er blitt laga om tilboda. Sjukehuset har mykje besøk frå andre kantar av landet, og filmen er tenkt vist til dei som kjem for å sjå og lære. Folk frå sjukehuset reiser også til andre stader for å fortelje om sjukehuset.

Styrka poliklinikkar

Dei polikliniske tenestene er blitt styrka på Eid etter at Helse Føre la om drifta. No har sjukehuset ei rekkje poliklinikkar som ein tidlegare ikkje hadde. Her kan pasientane møte spesialistar som kjem frå Førde. Det er også 60 dagar med dagkirurgi, som vil auke til 66 dagar i år.

Det er også utvikla eit godt tilbod om telemedisin, slik at spesialist i Førde eller på Haukeland kan møte pasienten gjennom videooverføring.

- Om sjukehuset har tilllit, er avhengig av det vi klarer å tilby av kvalitet og tenester til ei kvar tid, seier Holvik og legg til at sjukehuset heile tida har fokus på å tilby stadig betre kvalitet.

Medisinsk akuttberedskap

Sjølv om mykje av tilbodet er poliklinisk, er det framleis igjen senger og akuttberedskap på sjukehuset.

Her er 15 indremedisinske senger og indremedisinsk akuttberedskap. I tillegg har ein kommunale senger, i samarbeid med kommunane i Nordfjord.

Ni av ti pasientar som treng indremedisinsk akutteneste, blir innlagde på lokalsjukehus.

Ruspost

Etter omlegginga har Nordfjord sjukehus fått bygd opp ein ruspost, som er eit fylkesdekkande tilbod med ti senger. 24 årsverk er knytt til rusposten. Fleire av dei tilsette har jobba ved sjukehuset før og no fått etterutdanning innan rusbehandling.

- Det er viktig at vi har fått sjukepleiarar og hjelpepleiarar med erfaring innan somatikk. Folk som slit med rus har 20 år kortare gjennomsnittleg levealder enn andre, så det er viktig med kroppsleg fokus. Samarbeid psykiatri og somatikk kjem vi til å sjå meir av i framtida, meiner Arild Krogh Nøstdal, som er leiar for rusposten.

Dei har også satsa mykje på fysisk aktivitet og fysisk trening er sidestilt med andre behandlingsmetodar.

Psykiatrisk akutthjelp

Det blir også jobba med betre akutthjelp innan psykiatri og rus. Frå 9. november startar ein opp eit heildøgnstilbod via legevakta. Det er ikkje snakk om krisesenger, men dei som treng hjelp kan ringe og møte personar med kompetanse til å vurdere.

- Den største fordelen er at ein kan sleppe innlegging, når ein får snakke med kvalifisert fagperson som kan vurdere om det trengs innlegging, seier seksjonsleiar May Kristin Sæther.

Helse Førde har fleire helsetilbod på Nordfjordeid. Arild Krogh Nøstdal (f.v.) frå rusposten, May Kristin Sæter og Jorunn Sandvik frå psykiatrisenteret o May-Ann Rafseth som er seksjonsleiar på BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk).
Nordfjord sjukehus har ei rekkje poliklinikkar, og tilbyr tenester som det oftast er behov for - til dømes kan ein få sjekka hjarte her hos Ien Klaver. Foto: Anne-Mari Tomasgard