I dag offentleggjorde ICES  (Det internasjonale råd for havforsking) kvoteråda for norsk vårgytande sild, kolmule, makrell, vestlig hestmakrell og nordsjøhestmakrell. Kvoterådet for nvg-sild  lyder på 316 876 tonn – vel 33 000 tonn over det førre rådet.  Den tilrådde kvoten for makrell er på 667. 385 tonn, som ligg godt under 2015¬- rådet på 831.000 – 906.000 tonn.

– To år på rad har summen av dei avtalte kvotane vore langt høgare enn anbefalingane frå ICES, og det er fiska hardt på makrellen. I tillegg var indeksane frå juli¬toktet nedgåande. Då er det heller ikkje noko overrasking at kvoterådet for neste år går ned, seier Katja Enberg, som er leiar for program Norskehavet på Havforskingsinstituttet.

Kvoterådet for kolmule er på 776. 391 tonn, som er vel 64.000 tonn under rådet som er gitt for 2015. Katja Enberg forklarar at det er uvisse knytt til bestandsberekningane både for kolmule og nvg-sild.