Borrelia-infisert flått er utbreidd på Sunnmøre, og dei ti siste åra har borreliose-smitte lege langt framme i bevisstheita til legane på Sunnmøre. Vi tek også ofte borreliose-prøver i møte med mange ulike diffuse symptom.

– Men er prøvene de tek pålitelege?

– Det er ein vanskeleg diskusjon for allmennpraktiserande legar å gå seg inn i. Vi leverer prøvene til vårt lokale laboratorium i Molde, og forheld oss til dei vurderingane dei gjer der. Det er ikkje lett å overprøve dei vurderingane i den store samfunnsdebatten som går om dette.

Dårlege testar

Nyleg vedgjekk Helsedirektoratet overfor TV2 av borrelia-testane er for dårlege, og Stine Moltumyr Hjelle er ikkje den einaste som peiker på helsevesen si innstilling til borreliose.

«Hvorfor må de som er blitt syke av flåttbitt betale titusener til privat helsevesen for å få nok hjelp?», spør medlem i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Laila Dåvøy (KrF) på sin twitterkonto. Både ho og Høgre-leiar Erna Solberg har stilt spørsmål til helseminister Jonas Gahr Støre om flått- og borreliose-problema.

Ny kunnskap

Erna Solberg sa i spørjetimen at det er mange som opplever at det tek lang tid å få rett diagnose og effektiv behandling for Lyme borreliose etter flåttbit.

– Helsedirektoratet utarbeidde i 2009 ein rapport med tilråding om diagnostikk og behandling av flåttsjukdomar. I åra etter rapporten vart utarbeidd, har det imidlertid kome ny kunnskap på feltet og ein del pasientar har vorte friske med metodar som ikkje vert tilrådd av helsestyresmaktene. Kva gjer statsråden for å sikre oppdatert kunnskap om diagnostikk og behandling på dette området?

Treng dokumentasjon

Gahr Støre svarte at det er Helsedirektoratet som vurderer den samla kompetansen som i dag finst på området.

– Dei vurderer kompetansen som tilfredsstillande, men følgjer saka.

Helseministeren sa at også han var kjent med eksempel på pasientar med borreliose som har opplevd betring med metodar som i dag ikkje er anerkjent av norske fagmiljø.

– Fleire slike metodar kan vere lovande, men foreløpig trengst det ytterlegare dokumentasjon av effekt før metodene vert tilrådde.

Erna Solberg svarte at diagnostikken som i dag blir brukt ved norske sjukehus har store feilkjelder. Difor lurte ho på om helseministeren vil sette i gang forskning på betre diagnosemetoder og behandlingsmetoder?

Gahr Støre forsikra om at ein har fokus på det.

– Og eg håper at vi om kort tid også kan melde tilbake at vi har endå betre kunnskap og betre diagnostikk.

LEGE. Ottar Grimstad.