I grunngjevinga heiter det mellom anna at Kleven er eit av dei største norskeigde skipsverfta i landet med 500 fast tilsette og like mange gjennom underleverandørar.

- Dei har hatt fokus på å tenke nytt og langsiktig og å sikre arbeidsplassar. Kleven går mot straumen og tek oppgåver tilbake til Noreg. Det blir nå bygd ny hall for robotsveising, slik at ein stadig større del av skipa kan byggjast heime i Ulsteinvik. Ein større del av verdiskapinga og kompetansen vil dermed ligge att i Noreg og ikkje i utlandet, heiter det.