Venter på Trollstigen

- I mine 32 år har det aldri vore så lite snø i fjella og forholda for tidleg opning av Trollstigen har ikkje vore betre.

Ifølgje Wikipedia så passerer over 3.000 kjøretøy dei 11 hårnålssvingane over Trollstigen på dei mest trafikkerte dagane på sommaren.   Foto: Hans Martin Gjedrem

Vegen er stengt, men det er likevel trafikk av gåande og syklande over Trollstigen. 

Nyheter

Det seier Hans Martin Gjedrem, sundag sykla han på fv. 63 over Trollstigen på treningstur. Då traff han og mange som gjekk vegen til fots.

Lang omveg

Han meiner Statens vegvesen er for forsiktige og ikkje tek omsyn til lokalbefolkninga sitt behov når dei ikkje opnar Trollstigen tidlegare når det er så lite snø i fjella.

- På måndag skal eg sende heim pinsegjestar med toget frå Åndalsnes. For meg er det ein biltur på 70 kilometer tur/retur over Trollstigen frå Valldal. Men sidan Trollstigen er stengd må eg køyre 290 kilometer tur/retur, seier han.

Mykje is

I år er det ikkje mykje snø som er årsaka til at vegen er stengt. Lang periode med kulde i vinter har gjort at våte fjellsider er fulle av is. Og isen må ned før vegen kan opne.

- Det er brukt mange ti talls millionar kroner på sikring i Trollstigen dei siste åra om sikringstiltaka er til nytte mot stein, bør dei vel og halde på isen, seier Gjedrem

Ikkje for moro skyld

Per Georg Brandli i Statens vegvesen annonserte før helga at varme i helga ville kunne føre til at nok is forsvann, og vegen kunne opnast etter pinse. Sundag kveld held Brandli på den vurderinga.

- Isen har minka mykje dei siste dagane. Vi skal gjere ny vurdering måndag, og eg reknar med opning rett over pinse, seier han.

Men Brandli understrekar at dei ikkje vil ta sjansar.

- Framleis er det nedfall av stein, og vegen er ikkje stengt for moro skyld, men av omsyn til tryggleiken, seier han.