Forskar Harald Minken ved TØI seier til Sunnmørsposten at det særleg er byggekostnadene som gjer at han meiner Møreaksen er ulønsam. Men forskaren inkluderer langt fleire kostnader enn sjølve fjordkryssinga. Han tar med alle byggjekostnader frå Moa i Ålesund til Bergsøy.

Derfor blir konklusjonen heilt feil, seier dagleg leiar Jan Petter Hammerø i Møreaksen.

Hammerø ser tre moment der TØI bommar grovt.

  • Rapporten inkluderer alle vegkostnadene frå Moa til Bergsøya, som er 16,3 milliardar. Kostnadene for sjølve fjordkryssinga er av to andre instansar berekna å vere hhv. åtte og ti milliardar kroner.

  • Rapporten har ikkje tatt med trafikkveksten som kjem umiddelbart, også kalla eingongsveksten. T.d. på Eiksundsambandet var denne effekten meir enn 100 prosent.

  • Rapporten reknar med ein årleg trafikkvekst på 0,7 prosent. Trafikkveksten over Romsdalsfjorden dei siste ti åra har i snitt vore over fire prosent.

Dette påverkar altså både kostnadene og inntektene.

Og det er ikkje berre Møreaksen som er sterkt kritisk til rapporten.

Samandrag av rapporten kan lesast herHer er heile rapporten

Ikkje nytt

– Som så mange gonger tidlegare ser vi igjen at TØI ikkje ser at det er lønsamt å byggje slike vegprosjekt, seier Paul Kristian Hovden, styreleiar i Fefast.

Fredag ettermiddag hadde han sett igjennom rapporten som TØI har offentleggjort om ferjefri E39.

– Det er ikkje nytt at TØI ikkje ser det lønsamt å byggje slike vegprosjekt, seier Hovden, før han viser til Eiksundsambandet, som fekk ein vekst som vart meir enn dobbelte av det som var berekna.

Hovden viser også til Kvivsvegsambandet, som gav ein trafikkauke på rundt 30 prosent.

– Dessutan er hovudintensjonen i Nasjonal Transportplan 2014-2023 å korte inn køyretida. Og sjølv om denne diskusjonen ikkje handlar om Fefast eller Hafast, ser vi at Fefast er det beste alternativet for kortast muleg køyretid på E39, seier Hovden.

I Hafast-prosjektet, som etter planen skal knyte Ulstein og Hareid saman med fastlandet, var korkje dagleg leiar Kjell Sandli eller styreleiar Gunvor Ulstein tilgjengeleg for kommentar fredag.

Les også: Helge Orten (H): Meirverdien av ferjefritt er kraftig undervurdert

Les også: Forskar meiner Fefast/Hafast og Møreaksen er svært ulønsamt

Møreaksen. Foto: Statens vegvesen
Paul Kristian Hovden i Fefast.