Kollegaer i sjokk

Kommunikasjonssjef i Kleven Maritime fortel at dødsfallet er møtt med sjokk og sorg på alle nivå i bedrifta.

Mannen som døydde etter valdsepisoden natt til tirsdag, arbeidde ved Kleven Maritime. 

Politiet undersøkte åstaden tirsdag. 

Nyheter

Den døde var tilsett i Kleven Maritime i sju år. Kommunikasjonssjef i Kleven Maritime fortel at dødsfallet er møtt med sjokk og sorg på alle nivå i bedrifta.

Les også: 

Mann døde etter voldsepisode

En mann i 20-årene som ble alvorlig skadd i dag tidlig under en voldsepisode i Ulstein, døde som følge av skadene han ble påført, opplyser Sunnmøre politidistrikt.


Les også:

Tok sambuaren og nabo på fersken - slo med flaske

Mann i 20-åra livstrugande skadd. Er overflytta frå Volda sjukehus til St. Olavs Hospital.


Klokka to samla dei tilsette på avdelinga der den omkomne jobba seg saman med leiinga i bedrifta. Der var også sokneprest Margit Lovise Holte og folk frå bedriftshelsetenesta. Då vart det snakka om kor viktig det er å ta vare på kvarandre.

-  Og det er viktig at vi viser omsorg og tek litt ekstra vare på kvarandre framover, seier kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund.

I kantina er det satt fram eit bilete av den døde arbeidskameraten. Ein har også tent lys og sett fram blomar.

Ordførar i Ulstein, Jan Berset, seier dei har aktivisert omsorgsberedskapssystemet som no jobbar med pårørandesituasjonen og vil kartlegge kva behov som er. Så må dei vurdere vidare kva tiltak som skal setjast i verk.

Ulstein kyrkje kunngjer på heimesida si at det vert opa kyrkje i kveld.

- I samband med  den tragiske hendinga i lokalsamfunnet vårt i dag, vil Ulstein Kyrkje vere open for lystenning og fellesskap. Kateket, prest og diakon vil vere tilstade.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter