- Vi fekk avtale om møte for nokre veker sidan, men det var god «timing» i forhold til prosessen, seier Volda-ordførar Arild Iversen (KrF), ein av dei som møtte helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i Oslo tysdag ettermiddag.

Helse Møre og Romsdal må kutte kraftig i tilboda denne hausten. Eitt av forslaga på kuttlista er at akuttkirurgien ved Volda sjukehus blir lagd ned og flytta til Ålesund.

God mottaking

Med på møtet var også ordførarkollega frå Ørsta, Rune Hovde (H), samt overlege Rune Heggedal ved Volda sjukehus og kommuneoverlege i Volda og Ørsta, Arne Gotteberg. Frå departementet deltok ministeren, saman med fleire rågjevarar.

Ifølgje Iversen tok ministeren godt mot Volda/Ørsta-besøket, og møtet varte om lag ein time.

- Vi fekk presentert utfordringane med skeivfordeling og grov underfinansiering, fortel Iversen og viser til opplysningar i ein konsulentrapport som viser at Helse Møre og Romsdal er underfinansiert med opp mot 300 millionar kroner. Etterslepet på investeringane har Oslo Economics vurdert til to millionardar kroner.

Nye vegar

Eit anna tema på møtet var dei nye vegane som er komne rundt Volda siste åra.

- Dette er positivt for sjukehuset i Volda. Vi har fått vesentleg fleire pasientar frå ytre Sunnmøre og Nordfjord. Og vi stilte spørsmål om ikkje nye, store investeringar i milliardklassen skal ha betydning for sjukehus, seier Iversen og legg til at rundt 65.000 innbyggjarar no har under ein time reise til Volda.

I møtet blei det også lagt vekt på akuttkirurgien som eitt av dei berande elementa for lokalsjukehuset.

- Eit lokalsjukehus utan akuttfunksjon kan fort falle saman og rotne på rot, fryktar Iversen.

Regjeringsplattforma var også tema. Der går det fram at regjeringa vil stoppe nedlegging av akutt- og fødetilbod ved sjukehus.

- Vi opplevde at det blei lytta merksamt til det vi sa. Og det blei tydeleg uttrykt at det ikkje er nok å oppgi økonomisk grunngiving for nedlegging. Det må vere grunngitt med kvalitet og pasienttryggleik, seier Iversen.

Føretaksgrensa

Delegasjonen tok også opp problemstillinga knytt til grenser for helseføretaka, og ifølgje Iversen vil ministeren følgje opp dette vidare.

-Vi fekk ingen lovnader, men opplevde at pasientsikkerheit skal stå i sentrum. Og han vil sjå vidare på grenseproblematikken, seier Iversen.

Volda-ordføraren har gjort seg tankar om tilboda i grenseområda for helseføretaka.

- Eg trur at departementet må avgjere kvar pasientane skal ha tilbod. Vi såg at statsråden bestemte kva tilbod det skal vere for fødande, og eg trur at noko linknande må skje med akuttkirurgien, seier Iversen som også utfordra ministeren til å sjå på finansiering av pasientbehandling.

I dag er rundt 20 prosent av dei kirurgiske pasientane i Volda frå Nordfjord, men finansieringsordninga gjer at Volda får dårlegare betalt for desse pasientane.

- Viss finansieringa følgjer pasientane, så vil økonomien sjå annleis ut for Volda sjukehus, seier Iversen.