Ørsta-firma får milliardkontrakt

K. A. Aurstad skal byggje ei strekning av nye E6 saman med sveitisk konstruksjonsspesialist.

Skisse av vegkonstruksjonane på Kvam etter bygginga av nye E6. Illustrasjon: Statens Vegvesen 

Nyheter

16 kilometer med ny E6 mellom Vinstra og Sjoa - det er oppdraget som Statens vegvesen onsdag tildelte K.A. Aurstad. Dei har gått inn i eit fellesskap med Implenia Norge AS om bygginga. Ørsta-entreprenøren vart underretta i dag, men ønskjer ikkje å kommentere tildelinga enda: Det er nemleg klagefrist til 23. desember for dei som ikkje nådde opp med sine anbod.

Veidekke Entreprenør AS og AF Gruppen Norge AS var dei to andre som leverte pris på bygginga. Anbodet frå K.A.Aurstad var på 1,49 milliardar kroner.

Gler seg

- Vi gler oss til å bli kjent med Implenia og K.A. Aurstad og ser fram til eit godt samarbeid i gjennomføringa av utbygginga. Vi skal no planlegge ein intensiv og omfattande samhandlingsprosess der vi skal leggje det gode grunnlaget for åra framover, seier prosjektleiar Øyvind Moshagen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Omfattande

I tillegg til 1,6 mil med midtdelt veg og forbikøyringsfelt skal K.A. Aurstad byggje 12 kilometer med lokalvegar, og bidra til 29 konstruksjonar. Mellom desse er 13 bruer, sju undergangar og ei viltpassasje. Vegen skal etter planen opnast høsten 2016.

Sterk vekst

K.A. Aurstad var i år nominert til prisen "årets vekstskapar" i Norge. Kriteria for å bli vurdert er mellom anna ein omsetnadsvekst på minst 20 prosent dei siste to åra, positiv vekst og eigenkapital. Driftsinntektene i 2012 var på 402 millionar mot 267,7 millionar i 2011. Bedrifta hadde ved utgongen av 2012 163 tilsette.