Dermed har ikkje regjeringa fleirtal for den varsla snuoperasjonen. Iallfall ikkje no.

– Vi var som kjent imot overgangen frå kronetoll til prosenttoll då han vart innført av den førre regjeringa. Det betyr likevel ikkje at vi støttar ei einsidig reversering av dette no, seier næringspolitisk talsmann Pål Farstad i Venstre, som altså held moglegheita open for semje på eit seinare tidspunkt.Venstre fatta si lenge varsla avgjerd under gruppemøtet på Stortinget onsdag. I eit brev til landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) slår partiet fast at tollsatsane over tid bør reduserast.

– Nøyaktig korleis ein eventuelt ny tollpolitikk skal utformast vil Venstre gjerne ha ein dialog med regjeringa om, blir det slått fast.Nye rundarEU reagerte kraftig på den nye ostetollen – som tok med seg avgiftsaukar på bestemte typar av ost og kjøt. Noreg vart skulda for proteksjonisme og brot med EØS-avtalens ånd, om ikkje bokstav.Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet gjekk kraftig ut mot dåverande landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og varsla at reglane skulle bli reverserte av ei ny regjering.

Desse signala framførte då også statsråd og europaminister Vidar Helgesen (H) overfor EU i november, då han under eit rådsmøte i Brussel slo fast at vedtaket skulle omgjerast.

At Helgesen kunngjorde dette utan å involvert KrF og Venstre på førehand- vart ikkje teke nådig opp internt i dei to samarbeidspartia. Også frå raudgrøn side fekk statsråden kritikk for innrømminga.

– Å vise seg skuggeredd for EU på denne måten er ingen god forhandlingsstrategi, tordna Ap-veteran Svein Roald Hansen, som sjølv har bakgrunn som leiar i Europabevegelsen.Fekk brevVenstre har brukt god tid på behandlinga av saka. Tidlegare denne månaden sendte partiet fleire spørsmål til landbruksministeren for å skape seg eit betre bilete av kva verknadene vil bli, dersom reglane blir endra på nytt. Det nye tollregimet trødde i verk så seint som ved nyttår.

– Vi er nøgde med tilbakemeldingane frå landbruksministeren, der Listhaug slår fast behovet for ein grundig gjennomgang og dialog med berørte partar før eit forslag eventuelt blir fremja for Stortinget, seier Farstad.

Han meiner regjeringa gjer lurt i å samarbeide tett med Venstre i arbeidet med å meisle ut ein ny landbrukspolitikk. KrF er langt meir konservativt i slike spørsmål.

– Vi treng ein betre og meir moderne landbrukspolitikk. Ei eventuell endring av ostetollen må vurderast saman med andre endringar som gjerast, og som etter vårt syn openbert må styrke konkurranseevna og inntektsmoglegheitene både for norske bønder og norsk næringsmiddelindustri, seier Farstad.

Han viser også til utsegn frå statsminister Erna Solberg (H), som på si oppsummerande pressekonferanse tysdag poengterte at regjeringa ikkje har dårleg tid i prosessen med EU.