Meir enn 6.750 personar besøkte Båt og Caravan 2017 i Ålesund Storhall denne helga.

– Det har vore ei svært bra messe. Hallen har vore fylt til randa av utstillarar, og vi har hatt rundt 600 fleire besøkjande enn i fjor, fortel dagleg leiar for Storhallen, Synnøve Rogne.

Dette er andre året på rad med vekst i besøkstalet.

Sunnare båtmarknad

Rogne er ikkje heilt sikker på grunnen til den aukande interessa for båt og caravan, men ho anar ein tendens.

Frå messa blir det fortalt om at kvinner stadig oftare er aktivt med når det skal handlast båt.

– Damene bestemmer meir og meir. Dei kjem meir på banen i det som tradisjonelt har vore mannen sitt domene, seier Sverre Nærø i Ferd Båt AS.

Båtforhandlaren frå Fosnavåg hadde heile 20 båtar utstilt på messa.

Underhaldning

I år tok komikar, programleiar, musikar og forfattar Alex Rosén turen til Storhallen i Ålesund, for å underhalde publikum. Rosén er ambassadør for Redningsselskapet, og har vore på tur med seglbåten Berserk.

– Alex Rosén viste seg å vere ein hyggjeleg kar, med stor utforskartrong. I tillegg til underhaldningsbiten, har han gått rundt og snakka med utstillarane. Om han tenkjer å kjøpe noko veit eg ikkje, men han snuste i alle fall på nokre av produkta, seier Synnøve Rogne.

Combi-camp

Båt og Caravan er den største messa på Nordvestlandet for båtar, motorar, bubilar, campingvogner og utstyr.

Dagleg leiar for Ålesund Storhall, Synnøve Rogne, er godt nøgd med båt- og caravanmessa i helga. Arkivfoto: Nils Harald Ånstad Foto: Nils Harald Ånstad