Fredag la tidlegare lokalpolitikar i Volda, Jorunn Aske ut eitt bilete av rekninga på si Facebook-side med tilhøyrande tekst: «I dag tenkjer eg på at Volda kommune bør skamme seg. Snakkar ikkje etatane med kvarandre? Her er inkassovarsel sendt til mi avdøde mor og opprører kraftig min sørgande far».

Til Sunnmørsposten utdjupar ho.

– Det er ikkje det at vi ikkje skal betale rekninga. Sjølvsagt skal vi det. Det eg reagerer på er måten dette er gjort på, seier Aske, som meiner kommunen skulle ha teke kontakt med ho eller systera hennar i staden for.

Inkassovarselet gjeld ei uteståande rekning på husleige frå omsorgssenteret der mor til Aske budde. Mora blei gravlagt fredag 22. juni og inkassovarselet tikka då inn til faren, berre tre veker seinare.

Rart at dette skjer

Aske synast det er rart at noko slikt skjer, spesielt i ein liten kommune som Volda. Ho meiner det burde vere klare rutinar for slike ting.

– Dei burde kommunisere betre etatane imellom og bruke meir skjønn. Far min er såpass gammal at det er vanskeleg for han å halde styr på alt, seier ho. Aske fortel også at responsen på Facebook har vore i form av støtteerklæringar og tilbakemeldingar på at det ikkje berre er i Volda kommune at folk har opplevd tilsvarande.

Glipp i samanheng med ferieavvikling

Ordførar Jørgen Amdam i Volda kommune legg seg flat og beklagar.

– Dette er sterkt beklageleg. Det er ikkje ønskeleg og det skal ikkje skje, seier han. Amdam fortel at dei vanlegvis handterer slike ting på ein betre måte, men trur det kan ha skjedd ein glipp i samanheng med ferieavvikling.

– Rekningane sendast ut gjennom eit automatisk system, men vanlegvis brukar vi å stoppe denne i slike situasjonar og heller ha menneskeleg kontakt med pårørande, seier han og beklagar til Aske nok ein gong.

Dette er innlegget Jorunn Aske posta på si Facebook-side fredag. Foto: Skjermdump