Skulekorpset i Volda ønskjer å utvide forståinga for kva eit korps kan vere.

– Etter ei morosam idemyldring blant ungdommane skreiv vi Mission Potet, eit teaterstykke med musikalske innslag og ei ganske crazy handling, seier regissør Ingrid Hesjadalen.

Les nyheiter frå Søre Sunnmøre på smp.no

Potetkrise

Stykket utspelar seg då korpset skal på stemne til Danmark. Jarle (Aleksander Myrene) høyrer på radio at det er potetkrise i landet.

Danskane byrjar å prate norsk fordi dei manglar poteter dei kan ha i halsen. Musikanten ser sitt snitt til å tene pengar på å selje poteter til dei språkforvirra danskane. Potetene skal skjulast, jenter skal sjarmerast, korpsmusikk skal spelast – gjerne samstundes.

Skulekorpset bryt med alle fordomar, og presenterer eit sjarmerande teater spelt på høggir av dyktige ungdomar.

Samansveisa

– Det er mange me kjenner som kjem, så eg er ganske spent, seier Vilde Kristiansen, som spelar flowerpower girl.

Ho håper fleire vil byrje i korpset, når dei ser det er meir enn marsjar som vert spelt.

Sidan aldersgruppa spenner frå åtte til 16 år, er ikkje samhandling og samspel noko sjølvfølgje. Gjennom prosjektet håper musikalsk instruktør og skodespelar Ulf Kristiansen at også dei eldste får noko å strekkje seg etter.

– Me har vorte veldig samansveisa, seier Aleksander Myrane.

Etter avslutninga ser det ut til at korpset allereie har fått eit nytt medlem.

– Eg blir her eg, mamma, seier Jonas Ryste Skjeret (8), då applausen har lagt seg.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Rytmisk tannpuss. Øystein Linge (til venstre), Tuuli Hietanen og Synnøve Andersen Rotevatn forbereder seg til å reise på korpstur. Foto: Helene Melseth Flaaen