– Vi fryktar at det skal rase stein frå taket og ned på uteområdet ved skulen. Difor legg eigedomsavdelinga ned umiddelbart forbod mot ferdsel innnanfor det området vi vurderer som nedslagsfelt for takstein, opplyser Herøy kommune på si nettside.

Så langt er ikkje området sperra av.

– I tillegg til ovannemmde ferdselsforbod vert det dei næraste dagane montert sperring på eksisterande snøfangarar rundt heile bygget. Dette trur vi vil redusere farten på eventuell laus takstein slik at den ikkje vert til fare for personar, skriv kommunen.