Framstegspartiet går litt tilbake, men er framleis det største partiet i Sula. Størst framgang har Arbeiderpartiet og endar på vel 21 prosent. Dette kan føre til eit aldri så lite comeback for Frps Ronny Harald Blomvik i ordførarstolen. Han har hatt ei lita pause etter tilsaman åtte år på ordførarkontoret.

Geir Ove Vegsund (H) har gjort unna sin første periode som ordførar i Sula kommune. Høgre fekk ordføraren med støtte frå Arbeiderpartiet, Sulalista og Venstre. Vegsund gir seg etter fire år, og er ikkje å finne på vallista til Høgre.

Desse varslar at dei stiller som ordførarkandidatar: Vibeke Bjørkavåg (H), Ulla Hay (V), Jim-Arve Røssevoll (A), Ronny Harald Blomvik (Frp), Jan-Magnar Sandvik (Sulalista).