Hurtigruten har, i følgje Teknisk Ukeblad, vore i kontakt med både norske og utandlandske verft for å få tilbod på nye «ekspedisjonsskip».

Dei skal ha vore i kontakt med dei norske verfta som har bygga hurtigruteskip tidlegare, det vil seie Ulstein Group, Kleven,  og Noryards Fosen. Av desse skal Kleven og Noryards Fosen ha sagt ja til å gi eit tilbod innan 15. september, melder TU.no.

Større skip

Det er snart 20 år sidan Ulstein sist leverte eit skip for Hurtigruten, og TU.no skriv at mykje av passasjerskipkompetansen i Ulstein truleg er gått av med pensjon eller forsvunne ut.

Kleven leverte hurtigruteskipet MS Finnmarken til Hurtigruten i 2002.

Sjølv om Hurtigruten held seg nøytral i debatten om Stad skipstunnel, vil dei nye skipa antakeleg kunne gå gjenom tunnelen. Dei skal likevel vere større enn MS Midnatsol, som no er det største Hurtigruteskipet, på 16.151 bruttotonn.