Fleire personar såg det som usannsynleg at dei ville rekke inn i vallokala i Ørsta sentrum før dørene stengde klokka 21. Dermed snudde dei og gjekk frå staden i indignasjon og frustrasjon.

Kutt i valkrinsar

Fleire spekulerer no i om valstyret i Ørsta har kutta altfor hardt ned på talet røystekrinsar, og at dette kan vere årsak til kødanninga framfor hovudrøystelokala i Ørsta sentrum.

Ni krinsar er kutta ut framfor årsets val, det har gått ned frå tretten til fire krinsar. Det er uvisst kor mange som valde å snu då dei møtte køa utanfor vallokala måndag kveld.