Det kan vel neppe kallast ein telefonstorm, men smp.no har iallfall fått spørsmål frå lesarane om kva som vart slept inn i Mauseidvågen fredag morgon.

Bildet viser ein stor lekter med kvite overbygg. Men kva skal den brukast til?

Produksjonssjef Magne Standal ved Fiskarstrand verft oppklarar mysteriet:

– Hehe, vi skal dokke ein slepebåt som vi skal ha inn til service, og planen er at båten skal opp på denne lekteren.

– Lekteren og slepebåten tilhøyrer same reiarlag, og dei ønskte å gjere det på denne måten. Difor vart det slik, seier Standal.

Om du lurer på kvifor lekteren ligg så langt ned i vatnet, er det fordi den blir senka ned for å ta ombord slepebåten.

Både lekteren og slepebåten høyrer til Boa Offshore i Trondheim.