– Vi var spent på korleis det ville gå før festivalen, men eg synest det har blitt ein suksess. Intimkonsertane vi hadde på programmet vart flotte tilskot til festivalen, seier dagleg leiar Siri Dahl i Naturfestivalen til smp.no.

Det har vore konsertar i Ørsta og omegn gjennom heile konsertveka. I tillegg til dei to sommarljom-konsertane førre helg, spelte mellom anna bandet AMUSE på kaihuset i Ørsta og Børre Lødemel på Mylnå i Volda.

Variert

Dahl er godt nøgd med gjennomføringa av årets festival.

sjefen: Siri Dahl.

– Saudehornet rett opp er det største arrangementet, så det er nok høgdepunktet for mange. Men eg synest vi har hatt eit godt og variert program. Det er ikkje berre gåing og løping, men også mellom anna snorkling, kajakkpadling og sykling.

– I tillegg har vi stor spennvidde i terskelen for deltaking i arrangementa. Frå konkurransenivå i Saudhornet rett opp, til kompassleik for borna.

Kanskje 4-5.000

Ifølge Dahl er det vanskeleg å gi eit nøyaktig tal på kor mange som har vore innom årets utgåve av Naturfestivalen.

– For arrangementa med påmelding, som Saudehornet rett opp, er det lett å rekne det ut. Det er verre med til dømes opninga, eller gratisfrukosten i Ørsta.

Ho opplyser at 82 deltok i konkurranseklassen, 99 i barneklassen og 169 i mosjonistklassen.

– Dette er nok eit nokolunde normalt nivå. Når det gjeld heile Naturfestivalen er det vanskeleg å gi noko tal. Men om ein reknar med alt, er det sannsynleg at mellom 4.000 og 5.000 har vore innom festivalen, seier ho.