Eigarar av trafokiosken, Nordvestnett rykte ut til staden og fekk sløkt brannen i 13.30-tida torsdag. Også brannvernet i Haram rykte ut til staden.

- Brannen var sløkt då vi kom fram. Vi fekk hjelpt til med å kjøle ned trafoen og undersøkje trafoen, seier Stig Fjørtoft, brannsjef i Haram brannvern.

Skal etterforske

Selskapet som eig trafoen er Nordvestnett. Svein Berg, administrerande direktør i Nordvestnett veit ikkje kvifor det oppstod brann i trafoen.

- Vi skal sjølvsagt undersøkje dette vidare og finne ut årsaka, seier Berg.

Ein trafo er delt i to leidningsnett, eit høgspent leidningsnett og eit lågspent leidningsnett. Normalt er det den høgspente leidninga som byrjar å brenne i trafoar. I trafoen på Brattvåg var det den lågspente leidninga som var årsaka til brannen.

- Trafoen på Brattvåg var heilt ny. Det er difor noko overraskande at det oppstod brann i den. Planen vidare er å undersøkje årsak og skadeomfanget av brannen, seier Berg.

Har straum

I ei lita periode etter brannen mista nokre hus i Øvrehjellen straum. Dette skal det no vere retta opp i. Nordrenett har fått på plass eit aggregat som forsyner bebuarane med straum. Ein ny trafo skal også kome på plass.

- Vi skal få på plass ein ny trafo med ein gong det er praktisk mogleg, seier Berg.

Ved 13.30-tida rykte brannvernet i Haram ut. Brannen hadde då allereie blitt sløkt av Nordrenett. Foto: Espen Myskja