– Milliarden i banken har eg ikkje bruk for

foto
Åge Remøy legg ikkje skjul på at det er vemodig at reiarlaget han har bygd opp misser identitet når Rem Offshore no fusjonerer med Sostad. Men han sett pris på at alle dei tilsette har ein jobb å gå til framover. Sjølv reknar han med å flytte ut av kontoret i 2. etasje på Rem-bygget etter generalforsamlinga i haust. – Samstundes er eg takksam for det vi har opplevd, for det har eigentleg vore ei solskinshistorie. Vi har levert gode resultat i alle år, nytta mykje lokale verft og fylt opp skipa med sunnmørsk utstyr, seier han. Foto: Marius Rosbach