– Om vi no mistar viktige industribedrifter på grunn av høge straumprisar, så kjem dei kanskje aldri tilbake igjen, seier Gjelsvik til Klassekampen.

Men utan elektrifisering av sokkelen, kan det bli vanskeleg å nå klimamåla Stortinget har forplikta seg til innan 2030, påpeikar avisa.

Gjeldsvik viser til at Noreg er del av ein felles europeisk kvotemarknad, og at ein må finne løysingar som totalt sett er dei beste og ikkje sjå oss blinde på nokre løysingar.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) seier det ikkje er mogleg å innfri Hurdalsplattforma utan å elektrifisere plattformene utanfor kysten av Noreg.

– Eg skal ikkje komme med karakteristikkar av Sigbjørn Gjelsvik, men det er eit klart brot med Hurdalsplattforma. Eg opplever at vi vart samde om elektrifisering av sokkelen då vi forhandla om Hurdalsplattforma, siger Eide.

Det er auka skepsis til elektrifisering av sokkelen òg i andre parti, mellom anna i Høgre, som skal diskutere saka på landsmøtet 2.–3. april.

Fleirtalet i fylkestinget i Vestland har sagt nei til at elektrifiseringa av norsk sokkel skal skje med straum frå Samnanger i Midhordland. Også Trondheim Ap meiner at straumkrisa krev eit nytt blikk på «den meningslause» elektrifiseringa av sokkelen.

(©NPK)